Søke bolig (Velg profil for å se boliger)

 

Velkommen til Studentsamskipnaden på Vestlandet sitt boligtorg for Sogndal og Førde!

Her finn du informasjon og kan søke på studentbustadene. Studentsamskipnaden har studentbustader både i Sogndal og i Førde. Skal du vere student i Førde er det bustadene i Vieåsen som er alternativet, skal du gå i Sogndal må du velje av dei andre studentheimane.

I tillegg til at du finn informasjon og kan søke om bustad, finn du som er leigebuar hjå oss ei rad nyttige funksjonar. Du kan når du er logga inn m.a. sjå fakturaene dine, økonomistatus og endre telefonnummer osb.

Søke studentbustad ? Du finn informasjon om å søke studentbustad på våre nettsider www.sammen.no, under 'søke bustad'. Standard leigeperiode er 01.08.-31.07. 

Husleigesatsane vert regulert i august.
Husleigesatsen som vert vist på Boligtorget er dagens sats. Denne vert regulert kvart år 1.august. Oversikt over husleigene finn du på våre nettsider under Studentbustader.

Status på søknad og svar på søknad

Du kan følgje status på søknaden din ved å logge deg inn på "Min side".

Fram til du eventuelt får eit tilbod vil status på søknaden din vere "Ubehandlet".

 

Det er berre dei som får tildelt bustad som får svar og som får melding om dette på e-post/SMS. OBS! Legg oss til som godkjend avsendar/i kontaktlista for e-post med post_sisof@sib.no for å sikra deg at informasjon frå oss ikkje hamnar i søppelpost/spam-filter.

 

Merk deg at søknaden har ein 'aktiv til'-dato! Denne datoen viser kor lenge din søknad er aktiv. Etter denne datoen vert søknaden deaktivert dersom du som søkar ikkje fortsett å aktivera han. Når søknaden ikkje er aktiv vil den ikkje lenger vere synleg i systemet vårt og du fell ut frå ventelista. Difor er det viktig at du held fram med å aktivere søknaden din så lenge du ønskjer å stå på venteliste hjå oss.

 

Eg har fått tildelt bustad, men veit ikkje om eg kjem inn på skulen

Du kan likevel signera og eventuelt seie opp/kansellere kontrakten etter følgjande reglar(gjeld berre leigeavtalar med start 1.august):


Viss du gi beskjed seinast 31.juli vil vi løysa deg frå avtalen utan vidare kostnad.
Gir du beskjed etter 31.juli reknas det som ordinær oppseiing og du må forholda deg til vilkåra for oppseiing jf. §2 i din leigeavtale.


Melding om kansellering må innehalda fullt namn og sendas skriftleg til post_sisof@sib.no. Ingen kansellering er gyldig før du har motteke stadfesting frå Studentsamskipnaden om dette.

 

Signere med BankID
For å signere leiekontrakten elektronisk brukar du menyvalet "Signer". Dette valet aktiverer BankID-signeringsprogrammet frå BBS (Bankenes Betalingssentral). Følg instruksjonane i vegvisaren trinn for trinn. Å signere med ved hjelp av BankID’en din er enkelt, trygt og like bindande som ein handskriven signatur på papir. Du får ikkje noko brev eller kontrakt i retur, men du må hugse å sjekke praktisk informasjon om innflytting osb. på www.sammen.no.


Signere leigekontrakt utan BankID
For deg som ikkje har BankID eller av andre grunnar ønskjer å signere med handskriven signatur er framgangsmåten slik:

1.Last ned leigekontrakten (PDF-dokument) ved å gå til menyvalet "Last ned" og skriv deretter ut leigekontrakten
2.Signer leigekontrakten og send eit eksemplar til SISOF.
3. Kontrakten er signert og i orden når SISOF har motteke og registrert den. Dette finn du ut ved å logge deg på Boligtorget og sjekke status.
Du får ikkje noko brev eller kontrakt i retur, men du må hugse å sjekke praktisk informasjon om innflytting osb. på SISOF sine nettsider.

Depositum

Har du signert ein leigeavtale, må du også betale eit depositum før du kan flytte inn, nøkkel blir ikkje utlevert før du har betalt det. Depositumet er på kr 5 000 for hybel og kr 10 000 for leilegheit.

 

Fredag 21.07.2017 : 16:33:45
Klikk her for å se denne sidens RSS feeder
Utviklet av: Uni Pluss AS ® 2017
    Hjelp

    Bruk Logg inn for å logge inn eller for å registrere deg som søkjar.